Det e ikkje størrelsen det kjem an på, men meter pr. sekund! Var det ikkje slik? E klar over at eg gjeng høgt ut nå, men den som har susa innover fjellet etter sine egne bikkjer veit hått eg snakkar om. Skaresjo og arbeidsvillige bikkjur. – Kom igjen guttar, upp bakken!

Blir ikkje kulare enn i dag. Stod stort sett bak på sleden og sparka litt. 95% sledekjøring i dag. Måtte huke meg ned på Sjåen og la bikkjene jobbe fe det blåste kuling der uppe. Og bikkjene trava villig sjølv om dei hadde lagt bak seg mange kilometer allerede.

Hadde egentlig planer om å stoppe på Holmevatn, fe å pilke nokre smårøyer, men var så høgt uppe så eg klarte ikkje stoppe. Turen gjekk frå Storeskås- Grenholthaugen- Kyllingen (Ved Rånebua)- Holmevatn- Svartetjønn- Busnessjåen- Såflottin- Sjåen (stulen)- kaffipause- Øvrestul- Digeråi- Grenholthaugen- Storeskås. Veit ikkje å langt det e, men det e ein ok tur på nokre timar fe eit lite trespann.
Eg e ikkje så godt vant til å stå på skutermatta å bremse store deler av dagen. Har man to-tri bikkjur så må man stort sett jobbe sjølv. I dag konne eg stå bakpå å sjå meg rundt. Hadde det heilt sinnsykt kult heilt fram til eg måtte avslutte fe å hente ungar i barnehagen. Spesielt moro var det ned fra Kyllingen uten spor og over småbjørk og ned bekkejel. Takknemlig for dette leikegrinda me har her i Telemark…
Sjå helst bildene i stort format. (Samtlige er kun bearbeidet på mobiltlf som vanlig)




