Telemarkskanalen e berre halve reisa!

Telemarkskanalen frå Skien til Dalen gjeng i dag på NRK 2- minutt fe minutt. Det syns eg e kjempestas og fint at denne flotte båtreisa blir meir kjent. Det e verkeleg ei fantastisk reise. Det einaste som ikkje kjem fram e at reisa e halv. Fe ved Ulefoss gjeng Victoria upp slusene, men om den hadde valgt å køyre austover hadde den komme upp tell Heddalsvannet og Notodden. Frå Notodden gjeng den historiske jernbaneperla Tinnosbanen upp til Tinnoset. Frå Tinnoset ventar Storgegut (bilde) og Tinnsjøen til Mæl og Vestfjordalen med Rjukan. Da e det bærre ei hestereise over fjellet til Dalen…. Og på den turen ville man fått med seg både Tinnåa, Gaustadtoppen, Hardangervidda med meir og det e verkeleg fin natur. Natur, kultur og historie.

Denne rundturen hadde gjort Telemarkskanalen enda meir kjent og eit historisk og flott tur gjennom fantastisk natur. Om nokre år ser me nok Storegut køyre forbi smekka med turistar, som vil sjå desse historiske kulissane, på ei fantastisk eventyrreise. Det trur i alle fall eg. Og da skal eg kle meg i Aust-telemarksbunaden og stå v husa i v. biletkant og vinke med norske flagg.

Bildet e frå gåtur med Hals og Niri i dag. Gregar møtte ei veninne ved Storegut og måtte prøve tralla der.