Rydding på kjellar og loft

I dag har vi rydda kjelleren for turutstyr. Kasta også mykje som eg har tenkt i årevis at eg skulle komme til å reparere, mens som kun har blitt med tanken. Det er vanskelig å kaste. Mykje gåmmålt rask kan også komme til nytte. Det kjenner me tell alle sammen. Og så vil man sjølvsagt forsøke å protestere på sin måte mot bruk og kast samfunnet. Fant mykje i kjellaren som eg har bruk for. Alt fra ovnskitt til ei messingplate som eg skal bruke til å reparere ein pulk.

Eg har jo sjølvsagt alt for mykje turutstyr. Heile voksenlivet har handla om tur og turliv og da blir det mykje telt, primusar, fiskestengar, krokar, sener og så videre. Ja, gamle sener har eg spart på i hopetall. Det kan brukas som fortom. Trur eg fant seks stk isborr og telt har eg nok nærmare femten av. (Heldigvis skyldas nok det at eg i ein periode fekk telt av ein teltprodusent. Slik sett e ikkje galskapen så ille som det høyres ut. ) Og slik gjeng åra, mens skåpa krympar og blir fe små. Ein grunn til at man samlar så mykje e sjølvsagt at det e ein kontrast mellom ekspedisjons-friluftslivet og bygdefriluftslivet som eg bedriv. Gamle oljeregntøy og skuterdressar funkar godt rundt hushjørna, mens på ukesturar i fjellet har det lett for å bli gore-tex. Det har også slik at jo meir lappa turtøyet blir, desto meir sett eg pris på det. Derfor blir det lett mykje klær og utstyr. Noko nytt og ein stadig voksande haug med lappverk.

Heldigvis fekk eg tell ein søppelsekk og nokre askar som skal kastas. Det gjeld å ha litt orden i sakene også. Ellers kjøper man i alle fall nytt.

Gregar gjeng rundt i min gamle mariusgenser om dagen. Så det har da noko fe seg å spårå på gåmmålt rask.